Dialogpilotene forteller: Knut Nordeide
I serien «Dialogpilotene forteller» spør vi tidligere studenter om å dele sine erfaringer fra Dialogpilotstudiet og arbeidet med dialog i praksis. Denne gangen skriver Knut Nordeide om teologi, biologi og en “prestete” Facebookfeed.
Komplekse og mangfaldige organismar
På barneskulen spurde læraren om nokon i klassen var kristne. Eg rakk opp handa, og som eg visste var det ikkje mange armar som strekte seg i vêret. Det kosta litt å vedkjenne seg som kristen den gongen. I dag får eg betalt for å leie menneske i den kristne truvedkjenninga! I snart to år har eg jobba som prest i Den norske kyrke. Eg har blitt tatt imot med kake og heiste flagg. Eg er omgjeven av armar i vêret.
Mykje har endra seg sidan barneskulen og etter at eg bestemte meg for å studere teologi i staden for biologi. Livet har på visse punkt blitt ein del enklare. Men dette strid med noko av det vesle eg rakk å lære meg i biologi: Her har livet utvikla seg frå enkeltcella organismar til stadig å bli meir komplekse. Og så kan du gonge dette opp med det store artsmangfaldet som har vakse fram. Dette er noko heilt anna enn Facebookfeeden min som blir meir einsidig «prestete» og enkel for kvar dag som går, og opplevinga mi av at mange av kameratane mine frå barneskulen forstår lite av den verda eg beveger meg i, men også eg av deira etter kvart.
Eg heier på å realisere vårt ideal om eit livssynsnøytralt samfunn i Norge, ikkje gjennom det livssynstomme, men gjennom det livssynsopne. Der dialogen kan leve. Ikkje for at livet nødvendigvis skal bli enklare, men for at det skal bli meir komplekst og levedyktig. Eg er glad Dialogpilotene framleis dukkar opp i feeden min.