Dialogpilotene forteller: Ingrid Kristine Børset
I serien «Dialogpilotene forteller» spør vi tidligere studenter om å dele sine erfaringer fra Dialogpilotstudiet og arbeidet med dialog i praksis. Denne gangen forteller Ingrid Kristine Børset om blått blod og utroskap, fordommer og gruppeoppgaver.
Ei dronning snik seg ut av borgen ho lever i for å vere hos elskaren sin natta over. Dette trass i at kongen, som no er på reise, har gitt bod til vaktmannskapet om å drepe dronninga om ho forlet borgen medan han er vekke. Før dagen gryr, vil dronninga prøve å kome seg inn i borgen att, som ligg på andre sida av ei elv, men verken elskaren, ein ferjemann eller ei venninne vil hjelpe ho. Dronninga må ta vegen over brua midt i dagslyset, og blir skutt av ein vakt.
Kven av alle karakterane i forteljinga har mest skuld i at dronninga no er død?
Dette etiske dilemmaet vart presentert for oss på dialogpilotstudiet. Vi var fire på mi gruppe, tre kvinner med vestlig bakgrunn, og ein muslimsk mann med bakgrunn frå Midtausten. Saman skulle vi einast om ei rangering av skulda til personane i forteljinga.
Fordommar eg har vaksen opp med mot muslimske menn er at dei kontrollerer kvinner. Eit stereotypisk scenario ville ha vore at vi tre kvinnene på gruppa hadde alliert oss om å gje den mektige, kontrollerande kongen mest skuld, mens den muslimske mannen ville ha heldt fram den seksuelt umoralske dronninga som skuldig si eiga skjebne.
Den gong ei. Alliansen vart mellom han og meg, som meinte at den mektigaste, her kongen, er den mest skuldige, medan vakta, som er han som skyt, er den nest mest skuldige. Dei to andre mente at dronninga kunne takke seg sjølv, og hadde mest skuld.
Dette er noko av det eg syns er mest spennande når vi menneske møtast på tvers av potensielle skilelinjer. Vi oppdagar at ting ikkje er slik vi trudde dei var. Kategoriane våre får rista seg, og verda vert litt meir kompleks, på ein bra måte.